Haitisk gourde
Utsjånad
Haitisk gourde (haitisk: goud; ISO 4217: HTG) er mynteininga i Haiti. Gourden er delt inn i 100 centimes, og vart innførd i 1813, då han erstatta den haitiske livren. I 1870 vart gourden revaluert, med eit forhold på 10:1, og det vart berre trykt setlar for denne andre gourden. I 1872 vart gourden nok ein gong revaluert, denne gongen med eit forhold på 300:1. Dei fyrste åra etter revalueringa vart det berre trykt setlar.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- «Haitisk gourde» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 7. juli 2010.